"On the road 

again..."

Elbil-lærling Åshild

Så var vi tilbake på vegen, og denne gongen venta større utfordringar enn Knarvik Kai. No skulle eg få møte den verkelege trafikken i Knarvik sentrum. Og dette var ikkje berre berre...til tross for at El-bilen er ganske enkel i funksjon i forhold  til andre bilar (med framandord som kløtsj...), var det ikkje alltid like lett å vere meg. Det gjaldt å finne den rette farta, hugse vikeplikta, ta seg god tid, ha oversikt alle vegar o.s.v. El-bilen er svært følsam på pedalane, og eg kan tenkje meg at det er stor forsjell fra ein venleg bensinbil, noko som kan vere både positivt og negativt.

Eg var på ein lengre tur på ein av våre karakteristiske vestlandsvegar der fjøsa ligg like nært som vegskilta, og der vegen svingar i alle retningar. Dette gav utfordringar... Då var det herleg å ha ein liten bil som kunne smyge seg forbi bilane i motsett køyrefelt, og den følsame bremsepedalen gjorde at eg var redda dei gongane ein bil skulle dukke uventa opp (eg snakkar om TRONGE vegar). Og sidan det gjekk litt (mykje ) seinare med meg enn med dei erfarne bøndene, fekk eg god trening i å køyre av og innpå vegen att. Eg antok at det var ein og annan turist som gleda seg over at det ikkje berre var dei som hadde problem med å mestre desse "stiane", og som samtidig kunne ta eit nærare blikk på " fjords and trolls and everything" fordi ein NORDMANN hindra dei i å køyre fortare...