Åshild
elbil-lærling

”And I don’t even have my own car…”

Det var den tolvte juli. Det var kveld. Det var tid for å prøve Lille Marius. Og ettersom dette skulle vere min første gang bak rattet, var det ekstra gjevt. Med pappa ved mi høgre side og den strake vegen foran oss, la eg i veg…

Knarvik kai er kanskje ikkje den største utfordringa i verda, men ein grei plass å byrje ( pappa fekk bilen samme dag, og ville helst sjå at Mariusen fekk eit lengre liv…).

Å køyre denne bilen var ein artig opplevelse. Ein kunne til tider få assosiasjonar til radiobilane på tivoli, det var ikkje mykje å halde styr på når ein først var kome i gang. To pedalar var alt ein trengte å tenkje på, i tillegg til å snu på rattet innimellom. Og det gjekk ”lekende lett”, i hvert fall etterkvart… Eg trur det ligg større utfordringar i å kjøre brukbart i trafikken, og det å ta hensyn til andre bilistar.

  Noko av det positive ved å køyre Marius, var den gode oversikta eg hadde, p.g.a. dei store vindauga. Størrelsen på bilen gjer det òg lettare å ha ting under kontroll. Og til tross for at bilen er liten, er den romslig for både førar og passasjer, ein sit komfortabelt med god beinplass!

Og er ein ute etter oppmerksemd i trafikken, er El-bilen det beste å køyre.Det gjeld å smile fint...J