Drivstoff for 10 øre kilometeren
Det er
berre å slå det fast først som sist: Det er utruleg rimeleg å kjøpe
drivstoff til elbilen. Det er to grunnar til det. Samanlikna med bensin er
straum svært rimeleg, og ein elektrisk motor nyttar drivstoffet mykje meir
effektivt enn ein bensinmotor. I den siste går faktisk 75% av den kostbare
bensinen rett ut i atmosfæra som varme slik at berre fjerdeparten vert nytta
til å drive bilen fram. Det er ei god oppleving å legge kilometrane bak seg i
ein elbil og vite at turen er nesten gratis. Dei 30 km tur/retur til
arbeidsplassen min kostar med dagens straumprisar omlag 3 kr i drivstoff! At
eg i tillegg har spart 54 kr i bompengar blir rein bonus. |