Skift straumleverandør og køyr elbil gratis!

Ved å skifte straumleverandør kan ein ofte spare omlag 3 øre/kWh. Då sparer eg nok til å køyre gratis med elbilen til og frå arbeid! Grunnen til dette er både at det er billig å køyre elbil, og at det er pengar å hente på skifte av straumleverandør. Her er reknestykket:

Spart på skifte av energileverandør:
Prisreduksjon:   3 øre/kWh
Totalforbruk straum (einebustad og elbil):   25 000 kWh
Total innsparing pr. år: 
25 000 kWh * 0,03 kr/kWh = 750 kr

Total straumkostnad elbil tur-retur arbeid eitt år:
Total kostnad pr. år:   260 dagar * 30 km/dag * 0,10 kr/km = 780 kr