Rimelegare 
enn dei store

Elbilen er knallbilleg når det gjeld drivstoff, og ved å skifte straumleveradør kan ein faktisk spare pengar nok til å betale ein stor del av straumrekninga til bilen. Slik som den vesle elbilen er suverent rimlegare enn dei store bensinbilane når det gjeld drifstoffutgifter, kan dei små straumleverandørane ofte tilby lågare prisar enn dei store. På slutten av denne sida finn du eit tilbod som overgår det meste, -og det gjeld berre lesarar av denne sida!

Drivstoff for 10 øre kilometeren

Det er berre å slå det fast først som sist: Det er utruleg rimeleg å kjøpe drivstoff til elbilen. Det er to grunnar til det. Samanlikna med bensin er straum svært rimeleg, og ein elektrisk motor nyttar drivstoffet mykje meir effektivt enn ein bensinmotor. I den siste går faktisk 75% av den kostbare bensinen rett ut i atmosfæra som varme slik at berre fjerdeparten vert nytta til å drive bilen fram. Det er ei god oppleving å legge kilometrane bak seg i ein elbil og vite at turen er nesten gratis. Dei 30 km tur/retur til arbeidsplassen min kostar med dagens straumprisar omlag 3 kr i drivstoff! At eg i tillegg har spart 54 kr i bompengar blir rein bonus.    

Skift straumleverandør og køyr elbil gratis!

Då eg skifte straumleverandør i vinter var prisforskjellen på 3 øre/kWh. Dersom prisskilnaden held seg konstant, kan eg køyre gratis med elbilen til og frå arbeid heile året! Grunnen til dette er både at det er billig å køyre elbil, og at det er pengar å hente på skifte av straumleverandør. Her er reknestykket:

Spart på skifte av energileverandør:
Prisreduksjon:   3 øre/kWh
Totalforbruk straum (einebustad og elbil):   25 000 kWh
Total innsparing pr. år: 
25 000 kWh * 0,03 kr/kWh = 750 kr

Total straumkostnad elbil tur-retur arbeid eitt år:
Total kostnad pr. år:   260 dagar * 30 km/dag * 0,10 kr/km = 780 kr

Akkurat no er prisforskjellane mindre og reknestykket vert noko annleis. Men i mellomtida har dei store aktørane i marknaden innført eit såkalla fastbeløp som varierer frå 124 kr til 372 kr i året. Dette tilsvarar ein auke i straumprisen på 0,6 - 1,8 øre/kWh for ein abonnent med forbruk på 20 000 kWh/år. Det er altså framleis pengar å tene på å forlate dei store leverandørane. Sjå elles spesialtilbodet lenger nede på sida. Ved å gå inn på dette vil dei fleste få innsparingar som er omlag som reknestykket over.

Krav til min straumleverandør

Mange spør seg om det er bryet verdt å følgje med på straumprisar og skifte straumleverandør. Mitt svar er altså eit klart ja, men det er viktig å velje rett leverandørar. Eg har sett opp følgjande krav til min straumleverandør:

Tillit
Det er ikkje alle som vil bruke av si dyrebare tid til å drive stadig jakt på den til ei kvar tid rimelegaste leverandør. Derfor er det viktig å kjenne seg trygg på at kraftleverandøren har stabilt gode prisar. Når eg vel kraftleverandør, vil eg ha tillit til at den over tid er mellom dei beste i marknaden.

Bransjekunnskap og informasjon
Det har dukka opp ein del  reine kraftmeglarar som kjøper og sel straum utan å produsere sjølv. Det er knappe marginer i marknaden og stor risiko i samband med dette. Derfor har vi sett at kraftmeglarar har gått konkurs med dei ulempene det har ført med seg for kundane. Difor vel eg ein leverandør som har tradisjonar frå energibransjen, og som har ein solid eigar. Der møter eg kontaktpersonar som har kunnskap om dei ulike sidene ved omsetning av kraft og såleis kan gje meg god informasjon og rådgjeving. I tillegg krev eg god informasjon ved endring i prisar og andre vilkår.

Dei små er ofte rimelegare enn dei store
Kraftprisen er sett saman av nettleige som alltid skal betalast til lokalt energiverk, og energidel som kan kjøpast fritt av den leverandør ein finn mest gunstig. Svært mange tek ikkje bryet med å skifte leverandør og store energiverk sit dermed med ei stor og relativ stabil lokal kundemasse. Ved å sette opp prisen eit par øre eller legge på nye gebyr tener dei store summar utan at dette skremmer kundane vekk. Små kraftleverandørar må i større grad kjempe om kundane og nytte pris som våpen i denne kampen. 

Som val av bil- så vart mitt val av straumleverandør: Liten, kjapp og litt annleis!

Difor valde eg Kvinnherad Energi. Dette er ein kraftleverandør med sin basis i kraftkommunen Kvinnherad og med stabil og god økonomi. Dei er mykje mindre enn storebror Fjordkraft (tidl. BKK) og har lågare prisar enn denne. Avgjerande er det også at energiverket er lokalisert i Hordaland og ser på heile fylket som sitt satsingsområde. Dette borgar for god og litt personleg oppfølging og service. 

Spesialtilbod til alle elbil-interesserte i Hordaland og på Haugalandet

Eg tok kontakt med Kvinnherad Energi for å be om litt sponsing til dekning av utgifter til desse elbil-sidene. Det måtte vere i eit kraftlags interesse å støtte informasjon for overgang til elektrisitet som energikjelde, tenkte eg. Det viste seg at energiverket gjerne ville markere seg positivt overfor ein marknad av miljøbevisste kundar. Sjølvsagt gjer energiverket dette for å få fleire kundar, men det må vere greitt så lenge kundane tener på det! Dei kom med eit svært godt tilbod, og det gjeld altså berre dei som tingar via denne sida. Eg trur faktisk at dette gjev landets beste pris komande halvår.

(NB! Kvinnherad Energi leverer kun til abonnentar i Hordaland og på Haugalandet.)

·        Rabatt 2,0 øre/kWh på gjeldande pris.

·        Ingen gebyr!

·        Tilbodet gjeld flytande pris som er den avtaleforma som er aktuell for dei aller fleste

·        Rabatt-tilbodet på 2,0 øre/kWh gjeld frå tinging og i eit halvt år fram for nye kundar i Kvinnherad Energi, men berre dei som tingar via denne sida!

Her er pengar å spare, slik går du fram:

Rabatt 2 øre      Ingen gebyr

 

Hit Counter