"Når mørket så har 
senka sæ..."

Elbil-lærling Åshild

Til dåke som trudde at eg var av dei som berre køyrde på fergekaiane i nærområdet; dette er ikkje rett.

Eg kan no stadfeste at den første langturen er unnagjord, og denne fann stad om kvelden i pøsande regn. Det var etter Haustfesten på skulen eg går på (ligg i Os kommune), at eg og pappa skulle heim med el-bilen. Eg tok sjansen og køyrde heile vegen. Og dette var skikkelig artig, folkens! Likar du ikkje å køyre vanleg bil kan eg garantere at det er mykje artigare å køyre denne ”radiobil-liknande” funskjonen… (God nok grunn til å få seg ein…?) Må kanskje føye til at eg aldri har køyrd ein bil med utslepp (…), så eg er kanskje ikkje den mest pålitelege personen sånn sett?

Turen var på rundt seks mil, og vegen var varierande. Vi starta med dei mykje omtala vestlandsvegane som kan verke smalare enn bilen sjølv, ut på hovudvegen, og så vidt innom byvegane før vi var tilbake på strilalandet att.

God trening! Til tross for svært dårleg sikte langs landevegane, kom vi oss fram. Og sjefen var stort sett nøgd …

CD-anmeldelse?

Sidan eg no er elev ved Kongshaug Musikkgymnas, tenkte eg det ville vore litt artig å gi denne sida nokre musikalske innspill…sånn for musikkentusiastar. Eg må berre innrømme at CD-spelaren/høgtalarane ikkje er av den beste i bilen vår, og dette set selfølgelig grenser for kva musikk ein kan spele ( nei, dette er ikkje ein typisk musikar-uttalelse, for SÅ musikar er eg nemlig ikkje…).

Eg har ikkje fått prøvd ut så mange ulike Cd`ar enda, det har begrensa seg til dei som allereie låg der. Men meininga er at eg skal prøve ut ulike artistar og ulik musikk, for så å prøve å gi nokre tips til god bil- musikk. Tar gjerne imot innspel om det er nokon som vil hjelpe til her…!

adresse: sb@lillemarius.com  eller aabjorke@online.no

  Snakkast!